• Førdefjorden Energi

    Førdefjorden Energi AS tar ansvar for ei meir fornybar framtid. I 2020 forbys oljefyring. Energibehovet vert overteke av fjordvarme.

    OM PROSJEKTET
    Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Fjordvarme i Førde

Førdefjorden Energi AS er eit selskap oppretta av Sunnfjord Energi AS, BKK og Førde kommune for å bygge ut fjordvarme i Førde.  Dette er nødvendig for å fase ut store mengder oljefyrte anlegg som framleis eksisterer i store bygg. Som ein følge av Klimaforliket i 2012 vil oljefyring forbys i Noreg frå 2020. Varmen frå dette fjordvarmenettet er planlagt å bestå av minst 90% fornybar energi levert av varmepumper frå sjøen. For å imøtekomme kalde perioder med store varmebehov settes det inn ekstra kapasitet som utgjer dei siste 10% av energileveransen. Det er teke avgjersle på å bruke bioolje og El-kjelar for dei resterande 10%.

Konsekvensen av dette er at 5km med rør vil bli gravd ned frå ytre Øyrane til Sjukehuset. Valgt trase er velbegrunna basert på levering, samarbeid med andre aktørar og eksisterande infrastruktur under bakken. Om det er opplysningar du ikkje trur prosjektet har fått med seg oppfordrar vi til å bruke funksjonen registrer din lokalinfo, slik at prosjektet kan handtere det fortløpande.

Siste nyheiter

Siste oppdatering frå grøfta:

11.07.2017: Kryssinga av RV5 er planlagt 4/9-27/10. Midlertidig veg på austsida av rundkøyringa vil sikre best mogleg trafikkflyt.

02.06.2017: Boringa under elva er utført. Det vert synleg ei stund til, men sperra område vert mindre.

26.03.2017: Ytre Øyrane er asfaltert og åpen for trafikk.

22.03.2017: Asfaltering av Øyranevegen vil starte i veke 14.

06.03.2017: Entreprenør Magne Hafstad har annonsert opning av krysset ved Europris på onsdag 08.03.

02.03.2017: Fjordvarme og fjordkjølerøyr er ferdig sveisa, og oppfyllinga er starta ved Europris. Før vegen kan opnast skal det skøytast høgspentkablar som skal gravast ned. Det er forventa opning fredag 10. mars.

23.02.2017: Tilkomsten til Hafstadparken er no opna

22.02.2017: Øyravegen vert stengd frå Flovegen til RV5 frå måndag 27.02.2017

15.02.2017: Omkøyringsveg mellom Fjærevegen og Flovegen er avvikla.
Omkøyringsveg mellom Firdavegen og Flovegen med lysregulering er planlagt avvikla i midten av mars.