TRAFIKKAVVIKLINGSPLAN: KYRKJEVEGEN GJELDANDE FRÅ 26.10.2017

Ovenfor finn De oppdatert plan for trafikkavviklinga i området frå Langebruvegen til Førdehuset. Klikk på bilete for å få komplett oversikt. Gjeldande stengingsområde og midlertidig gangveg syner på vedlagte plan. Elstervegen er framleis stengt for gjennomkøyring utanom køyring til eigedommane. Område for  levering og henting av elevar vert p.plassen mellom Kyrkja og skulen. Område for henting og levering av rørslehemma elevar er avmerka etter avtale med skulen.

Brosjyren vår er her

Brosjyren er her, og vil bli distribuert til alle i forsyningsområdet til Førdefjorden Energi.
Ellers ligg den tilgjengelig her

Trafikkavvikling Kyrkjevegen og Elstervegen

Ovenfor er ein oppdatert plan for trafikkavviklinga i Kyrkjevegen og Elstervegen 21.09.2017. Gjeldande stengingsområde og omkøyringsvegar syner på plan. Elstervegen vert stengt utanom køyring til eigedommane. Område for  levering og henting av elevar vert p.plassen mellom Kyrkja og skulen.

Kryssing av RV5

Det nærmer seg kryssinga av RV5. Tofelts omkøyringsveg og gongfelt vert opparbeida no for å sikre trafikkflyten medan arbeidet pågår. Vestre løp i rundkøyringa vert stengd. Biltrafikken inn og ut til ytre øyrane må køyre om Firdavegen.

Arbeidet med etablering av omkøyringsvegar starta denne veka. Det er forventa at rundkøyringa vert sengd mellom 18.9 og 27.10.

 

 

Elstervegen, forbi barneskulen

Tida nærmar seg for at fjernvarmetraseen skal framførast i Elstervegen, forbi Førde Barneskule. I denne samanheng er sikkerheita for borna i sentrum. Fredag 31.08 vert det avholdt eit informasjonsmøte med barneskulen. Det vert retta fokus på kva som kjem til å skje, og korleis dette skal kunne føregå på ein ryddig og sikker måte. Foreldre og born får informasjonen gjennom skulen.

Trafikkplan kjem snart.

Plan for omkøyring Langebruvegen

I samband med graving for fjernvarme vert trafikkmønsteret omlagt i Langbruvegen frå 08.06.17, gangvegen til Kyrkjevegen vert stengd. Varigheita er ikkje avklart men langebruvegen vert reasfaltert til veke 28, det vert sendt ut ny plan ved endringar. Gjeldande stengingsområde og omkøyringsvegar syner på vedlagte plan.

To bøketre ved Helsetunet må takast ned

Utbyggingssamarbeidet mellom Førdepakken og Fjørdefjorden Energi lager ei stor grøft. Etter nøye gjennomgåing av eksisterande infrastruktur og framtidige utbyggingsplanar på arealet forbi Helsetunet, er det konkludert med at dei fleste bøketrea kan reddast. To av bøketrea som er nærast vegen må takast ned. Arbeidet med traseen forbi helsetunet skal bli overvaka av ein arborist for å passe på rotsystemet til dei resterande trea.

 

Stengd veg og parkering ved Førdehuset på 17.mai

Førdefjorden Energi AS held fram med boring av rør under Jølstra. Øystein Olimb frå Olimb A/S, som utfør arbeidet, har gitt beskjed om følgjande: Dei bruker framleis vegen ved Førdehuset og Parkeringa ved Førdehuset. I tillegg bruker dei deler av gang og sykkelvegen mellom Førdehuset og barneskulen.

Olimb AS har møtt på utfordringar som gjør at dei må fortsette over 17. mai. Dei tar ein pause frå arbeidet fredag 12. mai og kjem attende måndag 22. mai, men parkeringa, vegen forbi parkeringa og gangvegen sør for Førdehuset vert framleis stengt. Det kjem ikkje til å vere aktivitet, men heile området er ein byggeplass og må haldast stengd.

Til 17 mai vil det vere 2 overgangar over røyra. Feiringa vert gjennomført som planlagt med oppstilling ved Festplassen og Folkefest i Idrettshallen.Ruta er planlagt slik at opptoget lar seg gjennomføre på trass av stenging av veg og parkering.

 

Elles får stenginga framleis følgjande konsekvensar for tilsette og publikum:

  • Buss-stoppeplassen for skulane er flytta til Festplassen
  • Parkering for tilsette på dagtid vert festplassen, unngå å ta bil om du bur nære, gå eller sykle!
  • Parkering for tilsette etter kl. 15, laurdag søndag og helger: Førde Ungdomsskule
  • Parkering for publikum: Festplassen
  • Innkjøringa til varemottaket vert open. Som vanleg berre for behørige, vi registrerer at mange bryt mot forbudet.
  • To funksjonshemmaplasser er merka opp ved sceneinngongen (inngong til underetasjen i Førdehuset sydvest)

 

 

Tre på Øyrane

Vi viser til artikkel i Firda 24.04 om trea ved Mo og Øyrane vidaregåande skule. Her kjem svar på spørsmåla i artikkelen:

Prosjektet med utbygging av miljøvennleg fjordvarme og fjordkjøling i Førde medfører eit omfattane arbeid med røyrgrøfter frå energisentralen på Ytre Øyrane til sentralsjukehuset. På denne strekninga langs Øyravegen, har vi i samråd med Førde kommune og Statens vegvesen, valt ein grøftetrase som blir gang- og sykkelveg om nokre år, når Førdpakken skal bygge denne. På grunn av dette var det nødvendig å ta bort trea no. Kryssinga av vegen vart gjort for å ikkje vere til hinder for framtidig bygningsmasse, veg og infrastruktur. Kryssinga på sørsida av rundkøyringa vart gjort for å unngå umfattande omlegging av eksisterande infrastruktur.

Fylkeskommunen er grunneigar og har godkjent arbeidet. Dei ønskjer ikkje at det blir planta nye tre no, då det vil vere kort tid til den nye gang- og sykkelvegen kjem.