Ofte stilte spørsmål

Trafikkavvikling (klikk her)

Korleis skal ein handtere trafikken ved graving over RV5?

  • Det legges opp til nattarbeid og hurtig utføring
  • Det er utvikla ein omkjøyringsplan for trafikken for den avgrensa tidsperioden med åpen grøft

På kva måte kan ein forsvara dei midlertidige ulempene publikum vil få under utbygging?

  • I hovudsak er dette eit miljøtiltaktiltak for å fase ut oljekjelar.
  • Då prosjektet samarbeidar med andre aktørar visar det seg at fleire av strekningane vil bli greven opp innan kort tid uansett. Prosjektet fordrer samarbeid mellom desse slik at den samla konsekvensen for publikum blir minst mogleg.
  • Fjernvarmenettet er ikkje nødvendigvis positivt for den enkelte privatperson, men det er positivt for Førde. Fjernvarmeanlegget leverer varme, kjøling, drift og vedlikehold blant annet til viktige bygg som:  Helsetunet, Mo og Øyrane VGS, Førdehuset og Sjukehuset. Dette betyr at kostnadane relatert til varme og kjøling for flere offentlege bygg vil gå ned, i tillegg til at bygga blir sikra ein trygg og miljøvennleg varmeleveranse.

Kvifor fjernvarme og ikkje berre eigne varmepumper eller EL-kjelar?

  • Støy:
    Varmepumper produserer mykje lokalt støy. Dette vert samla og isolert ved ein energisentral ved planlagt fjernvarmeutbygging.
  • Pris:
    Ei varmepumpe har levetid på 10-15år før ein må kjøpa ny, og i tillegg trengs vedlikehold. Ved tilkopling på fjernvarmenettet kjem vedlikehold og reinvestering på Førdefjorden Energi si side. Kunden vil på same måte som ved bygging av eit nytt hus måtte betale for å kople seg på nettet.
    EL-kjelar krevar også investering og vedlikehald, samtidig som ein i motsetning til varmepumper ikkje får meir energi ut enn ein putter inn.
  • Plassbehov:
    Fjernvarme er kun eit røyr som kjem inn veggen og koplar seg på platevekslar til vannboren varme. Eit varmepumpe eller EL-kjel alternativ vil ta meir plass. Spesielt i samanlikning med eksisterande oljekjelar kjem fjernvarmen godt ut ifht plassbehov.
  • Sikkerhet i leveranse:
    Fjernvarmeanlegget har backup og vil kunne levere varme også når det elektriske nettet er nede. For at kundane skal kunne utnytte dette må dei sjølv ha backup til pumpene som driver varmefordelinga. Både varmepumper og el-kjeler er avhengig av straumnettet. Skal kunden stille med eigen backup vil dette i praksis bety doble anlegg.

Korleis skal ein kunne legge røyr over Jølstra utan å ødelegge miljøet for fisk i elva?

  • Dette er vurdert til å vere så viktig at prosjektet velger å investere i styrt boring under elva på to punkter. Interessene vert dermed ivaretatt på best mulig måte.