Om prosjektet

Brosjyre

1.  GENERELLE OPPLYSNINGAR
Sunnfjord Energi AS har saman med BKK og Førde kommune etablert det nye selskapet Førdefjorden Energi AS. Det nye selskapet vil få ansvar for utbygging og drift av fjordvarmeanlegget.


1.1 FØREARBEID

Sunnfjord Energi AS har gjennom fleire år og ulike prosjekt vore pådrivar i forsyningsområdet for å sjå på muligheiter til å få utvikla meir miljø- og energieffektive varme og kjøleløysingar. Etter fleire år med forundersøkingar og arbeid med ulike løysingar for fjordvarme i Førde, sende Sunnfjord Energi hausten 2007 ein konsesjonssøknad på eit fjordvarmeanlegg. Løysinga omfatta et rørleidningsnett som fullt utbygd ville dekke sentrale deler i Førde frå sjøen og mot Angedalen og Sunde. Selskapet fikk avslag på denne konsesjonssøknaden. Samstundes fekk selskapet Fjord Miljøenergi AS konsesjon på et fjordvarmeanlegg basert på flisfyring.
Etter at konsesjonen til Fjord Miljøenergi AS vart trekt tilbake på grunn av manglande framdrift, søkte Sunnfjord Energi AS på vegne av Førdefjorden Energi AS konsesjon på eit fjordvarmeanlegg basert på energi frå sjøvatn. Konsesjon for dette anlegget vart gjeven i desember 2012.

Saman med konsulentar og samarbeidspartnarar starta Førdefjorden Energi AS eit aktivt arbeid for å realisere dette anlegget. Samstundes gav fallande straumprisar og aukande anleggskostnader prosjektet utfordringar. Hausten 2013 vart det gjennomført ei ekstern analyse av konseptet der ein konkluderte med at det er meir tenleg og mindre risiko ved å bygge ein stor energisentral framfor fleire mindre distribuerte sentralar. Noko av årsaka til dette, er temperaturkrav til ein del gamle bygg i Førde sentrum og behov for kompressorkjøling i tillegg til frikjøling i avgrensa periodar.

Fjordvarmeanlegget som no er planlagt, er difor basert på ein felles energisentral med varmepumper og bio-olje/El-kjelar som spisslast. Anlegget vil også kunne levere fjordkjøling ved hjelp av frikjøling supplert med produksjon av kjøling. Prosjektet er utvikla i samarbeid med Fjordvarme AS. Kundegrunnlaget er noko redusert i høve til tidlegare søknad, i samsvar med den siste søknaden som er behandla av Enova SF. I fyrste omgang vil det bli prioritert å levere fjordvarme og kjøling til dei store og mest lønsame kundane. Det er så langt inngått avtale med Førde kommune, Helse Førde og andre kundar i eit omfang tilsvarande om lag 18 GWh varmeenergi.

På bakgrunn av dei nye planane med ein felles energisentral, vart det i 2015 søkt om endring av konsesjonen. Nytt løyve vart gjeve frå NVE i november 2015.

1.2 ANLEGGET

1.2.1 KONSESJONSOMRÅDET
I samsvar med § 5-1 i Energilova, er det gitt konsesjon for å bygge og drive eit fjordvarmeanlegg i Førde.

Området har følgjande avgrensing:

  • Mot nord er området avgrensa av sjøen, Løken, utbyggingsområda nord for Korsvegen og Hornnesvegen til Kyrkjevegen og elvane Jølstra og Anga til brua ved Vievegen (Fv484).
  • Mot aust er området avgrensa av Vievegen (Fv484) til bru over elva Jølstra.
  • Mot sør er området avgrensa av Jølstra til eigedomsgrense 61/4 og 61/7, langs denne eigedomsgrensa til Brulandsvegen (E39), sørsida av utbyggingsområde langs E39 til rundkøyringa ved Storehagen bru og vidare i elva Jølstra mot sjøen.
  • Mot vest er området avgrensa av sjøen (Førdefjorden).

Konsesjonsområdet er om lag 3,1 km².

konsesjonsområde

Aust for konsesjonsområdet ligg området Brulandsvellene, som er vist med stipla linje på kartet. Dette området er ikkje omfatta av denne endringssøknaden, men energibehovet for oppvarming og kjøling er berekna og tatt med i grunnlaget for dimensjonering av anlegget. Førdefjorden Energi AS kan seinare kome til å søkje om å få dette området inkludert i konsesjonsområdet.

1.2.2 KARTLAGT MARKNADSPOTENSIALE
Kundegrunnlaget innanfor konsesjonsområdet er i dei fyrste 10 åra rekna til totalt 267 000 m² eksisterande bygg og nybygg med en total varmeleveranse på 30,1 GWh. I tillegg er det kalkulert et potensiale for kjøling på 7,4 GWh. Ved utbygging av reservepotensialet, kan ytterlegare rundt 150.000 m2 tilknytast, med tilhøyrande energipotensiale på 10,2 GWh varme og 3,0 GWh kjøling.

1.2.3 ANLEGGET SIN KAPASITET
Planlagt installert effekt i energisentralen ved oppstart er 17,4MW. Varmepumpene, som står for grunnlasta i systemet, er planlagd som to einingar med 2,5 MW installert effekt kvar. Spisslasta blir produsert av 2 stk Elkjelar på 1,2MW kvar, og 3 stk biooljekjelar med installert effekt på 2 + 4 + 4 MW.

I tillegg til installert effekt i felles energisentral, har Førde sentralsjukehus ein separat energisentral med effekt på 7,7MW. Denne energisentralen er bygd opp med el-kjel og oljelkjel og skal fungere som ekstra spiss- og reservelast for sjukehuset, også etter at fjordvarmeleveranse kjem i gang. Det er inngått avtale om dette. Maksimalt effektbehov for felles energisentral er difor justert ned. Ved normal drift, vil all energileveranse til sjukehuset kome frå felles energisentral. I spesielle situasjonar når varmepumpene er ute av drift, kan sjukehuset bli forsynt med eigen lokalprodusert energi når dette er nødvendig av omsyn til kapasitet.

Installert effekt i Førdefjorden Energi sin energisentral blir auka i takt med behovet. Ved full utbygging er det planlagd totalt 23,9 MW. Dette er då fordelt på 3 varmepumper for grunnlast, kvar med 2,5 MW, og 4 biooljekjelar for spisslast og reserve med installert effekt på 2 + 4 + 4 + 4 MW. I tillegg kjem Elkjelane med 1,2+1,2MW

1.2.4 INVESTERING
Samla investering ved oppstart av energileveranse er kalkulert til kr 145.000.000. Av dette utgjer felles energisentral kr 63.500.000, distribusjonsnettet kr 52.200.000, vassopptak kr 4.400.000 og kundesentralar varme kr 5.800.000, prosjektadministrasjon/prosjektering kr 8.700.000 og andre kostnader kr 1.900.000. Inkludert i alle delsummar er det lagt inn noko margin og reserve.

Sektorbudsjett

2 KUNDEGRUNNLAG
2.1 GENERELL UTVIKLING
I Førde kommune sine kommuneplanar finn vi følgjande informasjon:
Folketalet i Førde var pr. 01.01.2010 på 12.035 personar. Folketalet har vore i jamn vekst fram til i dag med ein gjennomsnittleg årleg auke på 2 % sidan 1995. Framskriving av folketalet med ein middels vekst syner at denne utviklinga vil halde fram mot år 2025. Forventa vekst i befolkninga er sett til 1,4 % pr. år. Hovudtynga av veksten vil truleg skje i sentrum og i nærliggande område.

I Førde er Helse Førde største arbeidsplassen med 1400 tilsette. Like mange arbeidsplassar er innafor varehandel, hotell- og restaurantverksemd. Innafor industri-, bygge og industriverksemd er det meir enn 800 tilsette.Førde er det største handelssenteret mellom Bergen og Ålesund. 50.000 personar bur innafor ein radius av 1 times køyreavstand. Førde er i landstoppen for omsetnad pr innbyggar. 25% av all detaljhandel i fylket skjer i Førde. Det nyaste forretningsområdet, Brulandsvellene, med 5 store varehus er lokalisert like inntil E39 ca.1,5 km aust for Førde sentrum.

I kommunesenteret finst utdanningstilbod som ingeniørhøgskule, sjukepleiarhøgskule, teknisk fagskule og vidaregåande skular i både yrkes- og allmennfag. Nynorsk Mediesenter opna i 2004 og gir journalistopplæring og kurs og medietrening. Førde har ein svært stor del tenesteytande næringar i høve til resten av regionen. Det er stor konsentrasjon av verksemder knytt til sal, transport, lager, industri og bygg- og trevare lokalisert til Førde. Dei fleste verksemdene er i Førde sentrum eller Brulandsvellene.

Som følgje av stor folketalsauke og stor omsetnad, skjer det stadig utbygging av utvikling av bygningsmassen i Førde. Dette gjev også eit godt grunnlag for å etablere eit fjordvarmeanlegg. Innanfor konsesjonsområdet vil nybygg vere sikre kundar. Sjølv om det spesifikke energiforbruket i nybygg stadig går ned og at mange eksisterande bygg etter renovering brukar mindre energi til oppvarming, kan dette også ha ein positiv effekt ved at kapasiteten til fjordvarmeanlegget vil halde seg i fleire år framover.

Statens vegvesen, Førde kommune og næringslivet i Førde har etablert eit eige selskap, Førdepakken AS, som skal ta seg av planlegging og utbygging av vegar og gang-/sykkelvegar i Førde dei komande åra. Stortinget skal vedta finansieringa av prosjekta til Førdepakken AS, truleg i løpet av fyrste halvår 2015. I møte mellom Førdepakken AS, Førde kommune og Sunnfjord Energi AS i mars 2015, var det positiv haldning til eit tett samarbeid. Det vert lagt opp til å samkøyre planlegging og utbygging av infrastruktur for å oppnå synergiar mellom prosjekta.

3 FRAMDRIFTSPLAN

4 BESKRIVELSE AV ANLEGGET
4.1 FORSYNINGSOMRÅDE
Det er gitt konsesjon til eit avgrensa område i Førde, sjå punkt 1.2.1 og figur under.
Det vert no lagt opp til ein felles energisentral på Ytre Øyrane. Denne energisentralen skal levere fjordvarme og fjordkjøling til heile konsesjonsområdet. I energisentralen er det sjøvassinntak, utstyr for varmeveksling mot sjø, varmepumper, elkjelar og biooljekjelar. I framtida kan det også bli aktuelt å hente energi frå avlaupsvatn frå det kommunale reinseanlegget på nabotomta.
Gjennom tilkopling av eksisterande bygg, vert eksisterande el-kjelar og oljekjelar fasa ut. Forsyning av varme og kjøling blir distribuert i felles grøft, slik at varmekundar også får tilbod om kjøling.

trasee
Figuren viser inntaksleidning, energisentralen og hovudrørnett (plan frå 2014, sjå oppdatert traseekart her)

Hovudrørnettet er planlagt etablert sentralt gjennom heile konsesjonsområdet, som strekkjer seg frå sjøen i vest til sentralsjukehuset i aust. Traseen er i hovudsak som i tidlegare søknad. Etter ønske frå Fylkesmannen, er traseen lagt om ved kryssing av Jølstra mot sjukehuset, av omsyn til verneverdig flaumskog.
Gjennom nettet er det planlagt at anlegget kan forsyne forretnings- og kontor-bygga i sentrumsområdet, skular og barnehagar, teneste- og omsorgsbygg, bustadområde og sentralsjukehuset. Den fyrste utbygginga vil innebere kundar frå energisentralen og austover i sentrumsområdet, deretter mot Hafstad og Førde sentralsjukehus. Ved full utbygging er det også teke høgde for at området Brulandsvellene vert inkludert i forsyningsområdet. Om dette vert aktuelt, vil Førdefjorden Energi AS då søkje om utviding av konsesjonsområdet.

4.2 ENERGI OG EFFEKTBEHOV
Energi og effektbehov er justert i samsvar med siste Enova-søknad for prosjektet. Effektbehovet til oppvarming er kalkulert til 13,9 MW i løpet av dei 10 første åra. I tillegg kjem 4 MW reserve for andre bygg i konsesjonsområdet. Framtidig reserve i framtidig utvida konsesjonsområde er kalkulert til 3,5 MW. Totalt framtidig effektbehov er på 21,4 MW.
Varmebehovet er kalkulert til 30,1 GWh i løpet av dei 10 første åra. I tillegg kjem 5,6 GWh reserve for andre bygg i desse områda. Framtidig reserve i utvida område er kalkulert til 4,6 GW. Totalt framtidig varmebehov er på 40,3 GWh.

Kjølebehovet er kalkulert til 7,4 GWh i løpet av dei 10 første åra. I tillegg kjem 1,6 GWh reserve for andre bygg i desse områda. Framtidig reserve i utvida område er kalkulert til 1,4 GWh. Totalt framtidig kjølebehov er på 10,4 GWh.

4.3 SYSTEMLØYSING
4.3.1 PRINSIPP
Figuren under viser fjordvarmeanlegget som består av ei inntaksleidning frå Førdefjorden til ein felles energisentral ved sjøkanten. Der blir energien frå sjøvatn veksla, varmepumper løftar temperaturen og det varme vatnet blir pumpa rundt i fjordvarmenettet. Ved behov, vert vasstemperaturen løfta vidare ved hjelp av gasskjelane. Frå energisentralen vert varmt vatn til oppvarming og kaldt vatn til kjøling distribuert gjennom hovudrørnett og fordelingsnettet (4 rør) til kundane, der energileveransen skjer via kundesentralar. Kjøling vert distribuert som frikjøling, supplert med kjøling frå retur på varmepumpene. I periodar der kjøletemperaturen ikkje vert lav nok, vil det i tillegg bli supplert med ytterlegare produksjon av kjøling. Det vil også bli vurdert å hente tilleggsvarme frå avløpsvatn. Denne tilleggsvarmen kan nyttast til å heve turtemperaturen før varmepumpene i periodar med lav sjøtemperatur.

fjernvarme frå felles energisentral

4.3.2 VASSOPPTAK
Gjennom å nytte vatn frå Førdefjorden som energikjelde, får vi både stabile forhold for varmepumper og tilgang til gunstig temperatur for frikjøling. Ein stor fordel med ei varmepumpebasert fjordvarmeløysing er nettopp det faktum at anlegget også gir tilgang på kjøling. Dette vil bidra til å auke både den samfunnsøkonomiske og bedriftsøkonomiske verdien av anlegget. Med stadig høgare krav til komfort og inneklima, er det ei klar utvikling i retning av meir bruk av komfortkjøling i både nye og eksisterande bygg.

Komfortkjøling er meir og meir vanleg som eit krav frå leigetakarane i næringsbygg og det vert forventa at denne utviklinga held fram. I forslaget til ny teknisk forskrift (TEK-15), ligg det inn forslag om å innføre krav til komfortkjøling i kontorbygg. Summen av dette kan auke potensialet for kjøling i den varme delen av året og gje eit sikrare grunnlag for å etablere anlegg for fjordkjøling. I tidlegare konsesjonssøknad frå 2007, vart det gjort vurderingar omkring sjøtemperaturen gjennom året. For å innhente sikrare opplysningar, vart sjøtemperaturen i Førdefjorden målt gjennom eit heilt år av Fjordvarme AS. Målingane viser at sjøtemperaturen i vinterhalvåret stort sett ligg i området 8-12 grader C. Det kan likevel påreknast korte periodar med lågare og pendlande temperatur gjennom døgnet, heilt ned til rundt 5 grader C. Dette oppstod på vinteren 2010, truleg på grunn av lite ferskvatn i fjorden som medførte høgt saltinnhald og lokal omrøring i fjordbassenget. I desse periodane vil det vere auka bruk av spisslast i høve til normal drift. I slike periodar kan tilleggsvarme frå avløpsvatn vere gunstig for drifta av fjordvarmeanlegget.

vasstemperaturar

4.3.3 ENERGISENTRAL
Via ei sjøleidning er det planlagt å hente vatn frå djupna i fjorden for å oppnå gunstig temperatur gjennom året både i høve til oppvarming og kjøling, men også for å redusere behovet for vedlikehald. Om vatnet vert henta i øvre sone der lyset slepp ned, aukar vedlikehaldsbehovet vesentleg. Dette skiljet går normalt på rundt 20 m djupne.
I Førdefjorden er inste delen ikkje så djup og det ligg ein terskel ca. 3 km utover i fjorden der djupna er rundt 25 m. Å gå forbi denne vert vurdert som uaktuelt. For å oppnå 37 m djupne, blir sjøleidninga ca. 900 m. Frå tidlegare ligg det to kommunale utsleppleidningar for avløpsvatn i det same området. Det vert tilrådd å legge sjøleidninga langs sørsida av den eldste kommunale utsleppsleidninga og fortsette eit stykke forbi enden av denne. Det er behov for å krysse dei kommunale avløpsleidningane ved energisentralen.

Energisentralen er planlagt ved sjøkanten på ytre Øyrane, ikkje så langt frå utløpet av Jølstra, vest for det kommunale avløpsrenseanlegget. Bygningen er planlagt til 1226 kvadratmeter. Arkitektonisk vert bygningen tilpassa det kommunale avløpsrenseanlegget, med flatt tak og fasade av raud tegl. Sjøvasspumpene er plassert i vasstett kum under nivået for fjære sjø, for å sikre at sjøvatn lett strøymer inn og kan pumpast vidare gjennom varmevekslarar plassert på golvet i energisentralen. Sjøvatnet går deretter tilbake til sjøen i eit eige rør. Sirkulasjonspumper sørgjer for at vatnet sirkulerer via vekslarar til varmepumpene. I energisentralen er det også plassert nødvendige tekniske installasjonar for drift og vedlikehald av rør og komponentar på sjø- og landside. Kapasiteten til installasjonane i energisentralen er planlagt utbygd i takt med effektbehovet.

Bygg

Energisentralen skal forsyne bygg med varme og kjøling via distribusjonsnett (4 rør). Varmeproduksjonen er basert på varmepumper som grunnlast. Til spisslast og reserve er det planlagt bioolje-kjelar. Varmepumpene er dimensjonert ut frå ca.40 % av effektbehovet hos kundane i forsyningsområdet, redusert med 15 % på bakgrunn av at maksimalt effektbehov ikkje vil oppstå samstundes. Spisslast og reserve skal dekke 100 %, inkludert varmetap på fordelingsnettet. På grunnlag av avtale med Helse Førde om at energisentralen ved sentralsjukehuset skal vere intakt også i framtida, er storleiken på reservelasta i felles energisentral nedjustert.

På årsbasis vert det rekna at varmepumpene leverer 90 % av varmen frå varmepumpene. Resterande 10 % vert levert frå spisslasta.
Det vil bli nytta varmepumper med høg årsverknadsgrad, COP. COP vil variere ut frå mellom anna temperaturforhold. I gjennomsnitt vert det rekna ein COP for heile installasjonen på 3,0.

Produksjon av kjøling kan gjerast ved frikjøling i energisentralen. I tillegg vil den kalde returen frå varmepumpene bidra til kjøleproduksjonen. I periodar der dette ikkje gjev tilstrekkelig kapasitet, kan ytterlegare kjøling produserast frå varmepumpene. Ved slik kjøleproduksjon, kan også overskotsvarmen frå varmpumpene nyttast mot varmekundane, så langt det er behov. Ut over dette vil overskotsvarmen bli dumpa mot sjø gjennom eigne vekslarar. Samla sett vert produksjonen av kjøling lite energikrevjande og dermed svært kostnadseffektiv og miljøvennleg.

4.3.4 DISTRIBUSJONSNETT
Frå energisentralen vert det lagt fordelingsnett for distribusjon av varme (2 isolerte stålrør) og kjøling (2 uisolerte PE-rør). Som stikk til bygg vil det bli nytta fleksible preisolerte rør der dette er naturleg. Traseen for hovudrørnettet er planlagt med utgangspunkt i lokalisering av potensielle kundar, vegnett og anna infrastruktur. Det vert opp til utbyggjar å samordne utbygginga med anna infrastrukturbygging, som til dømes nye gang- og sykkelvegar, nye vegar, nye VA-rør, EL-kablar og rør for breibandfiber. Eit konkret eksempel på dette, er samarbeidet med Førdepakken AS. Der rørnett går over privat grunn, vert det lagt opp til frivillig avtale med grunneigar. Om frivillig avtale likevel ikkje vert oppnådd, er det ønske om å få løyve til å erverve og ta i bruk nødvendig grunn for bygging og drift av fjordvarmeanlegget før skjønn er halde.

grøft

For første utbyggingstrinn er det rekna med ca 5,1 km felles grøftetrase for varme og kjøling og ca 0,5 km trase for berre varme.

4.3.5 KUNDESENTRALAR
Energiforbruket hos kundane blir målt i kundesentralar. Det gjeld både varme til bygning, ventilasjonsanlegg og tappevatn samt kjøling via ventilasjonsluft. Kundar utan behov for kjøling, vil få rein varmeleveranse.

kundesentral

4.3.6 RESERVE
For framtidig auka effektbehov vert det bygd inn ein reservekapasitet i anlegget.
Innanfor forsyningsområdet kan fordelingsnett for varme og kjøling førast fram til nye kundar, samstundes som installert effekt i energisentralen kan aukast i takt med behovet. Det er berekna eit reservepotensiale på 5,6 GWh varme og 1,6 GWh kjøling pr. år i konsesjonsområdet.

For område utanfor konsesjonsgrensa, er det lagt inn reservekapasitet i rørnettet og sentrale installasjonar for nye kundar på Brulandsvellene. Berekna energibehov er tilsvarande ca 70 000 m2 bygningsmasse, med tilhøyrande potensiale på 4,6 GWh varme og 1,4 GWh kjøling pr. år.

Reserve tilleggspotensiale utgjer totalt ca. 10,2 GWh varme og 3,0 GWh kjøling pr år.

5 SAMFUNNSØKONOMISK VURDERING AV ANLEGGET
Den valde løysninga er lagt inn i NVE sin reknemodell for samfunnsøkonomi og samanlikna med alternativ samfunnskostnad ved eigne fyringsanlegg.

5.1 FØRESETNADER

føresetnader

5.1.1. DRIFTSKOSTNADER
For berekning av driftskostnader er følgjande nøkkeltal lagt til grunn:
Drift og vedlikehald, varme: 50 kr/MWh
Normalt varmetap frå fordelingsnett varme: 5 %. (gjennomsnittleg verdi henta frå Norsk Fjordvarmeforening)

Fordeling av energileveranse varme er sett til 90 % frå varmepumper og 10 % frå gass-kjelar. Det er forventa at mengda energi frå spisslasta vil ligge rundt 5% i byrjinga, og auke gradvis opp til 10% i 2026. Energileveranse kjøling er i stor grad basert på frikjøling, med moglegheit for supplering frå kuldeproduksjon ved behov. Kostnad og inntekter knytt til kjøling er ikkje teke med i skjemaet, i tråd med NVE si vegleiing.

5.2 OVERSIKT INVESTERINGAR
Budsjett

Inkludert i alle delsummar er det berekna margin og reserve.

5.2.1 VASSOPPTAK
Vassopptak: Kostnad inkluderer lodd, endebukk og sil for sjøleidning ø 630 mm.

5.2.2 ENERGISENTRAL
Energisentral inkluderer også kostnader med tekniske installasjonar. Kostnad med vassopptak og energisentral er kalkulert ut frå prisar frå Norsk Energi AS.

5.2.3 DISTRIBUSJONSNETT
Kostnader for distribusjonsnett er basert på bruk av preisolerte stålrør (serie 2) for fjordvarme og inkluderer grøftekostnader og kryssing av vegar og elva Jølstra. Kostnad med distribusjonsnett er kalkulert ut frå erfaringsprisar frå BKK Varme AS..

Rør og andre kostnader knytt til kjøling er ikkje teke med i skjemaet for utrekning av samfunnsøkonomi, i tråd med NVE si vegleiing på dette. Dette gjeld separat rørnett for kjøling, separat utstyr i energisentral, ein andel av grøftekostnader og kundesentralar for kjøling.

5.2.4 KUNDESENTRALAR
Kostnader for kundesentral omfattar varmevekslar, energimålar og automatikk/SD, basert på erfaring frå tilsvarande prosjekt.

5.2.5 PROSJEKTADMINISTRASJON / PROSJEKTERING
Prosjektering er kalkulert til kr 7 000 000 for dei delena av anlegget som er planlagd utbygd første 10 år. Prosjektadministrasjon og byggeleiing for same periode er kalkulert til kr 5 000 000.

5.2.6 ANDRE KOSTNADER
I denne delen inngår tilknytningskostnader for El, oppstartskostnader og kundetilpassning.

5.3 NOVERDI
Den samfunnsøkonomiske utrekninga viser at fjordvarme er eit lønsamt alternativ samanlikna med andre alternativ som elektrisitet eller olje.

Ein av fordelane med ei sjøvassbasert løysning, er at utbygging vil forsyne konsesjonsområdet med både varme og kjøling. Det er ikkje teke omsyn til kjøling i den samfunnsøkonomiske berekningen i tråd med NVE si vegleiing.

Med 25 års perspektiv har det omsøkte anlegget ein noverdi som er om lag 27,9 MNOK betre enn alternativet med lokale varmeanlegg basert på olje/elektrisitet.
Denne utrekninga er gjort berre ut frå fjordvarme. I tillegg kjem positiv samfunnseffekt som følgje av miljøvennleg kjøling.

6 VERKNAD FOR MILJØ, NATURRESSURSAR OG SAMFUNN

6.1 BYGGING OG DRIFT AV FJORDVARMEANLEGGET
Aktivitetane i samband med utbygging av leidningsnettet og varmesentral, vil kunne vere til sjenanse for omgjevnadene i ein avgrensa tidsperiode i form av gravearbeid, støy- og trafikkplager samt noko støv i samband med graving og anleggsaktivitetar. Det er og vil bli teke kontakt med Statens vegvesen, politi, kommunen, grunneigarar, næringsinteresser med fleire, for å koordinere trafikken i anleggsperioden. Traseane til potensielle bygg blir så langt det lar seg gjere valde ut i frå omsyn til samfunnsøkonomi med god samordning med utbygging av anna infrastruktur.
Arealbruk
Energisentralen i fjordvarmeanlegget vil ha eit arealbehov. Varmepumpeanlegg har ikkje lager av brensel og krev mindre areal enn eit biobasert anlegg. Det har tilsvarande mindre krav til tilkomst og transportareal.

Tank for lagring av bioolje til spisslast og reserve vil bli plassert på same tomt som energisentralen på Ytre Øyrane. Ved å tilpasse utforminga av energisentralen, sikrast det ei effektiv utnytting av tomta samtidig som plassering av tanken tilpassast omliggande bygningar. Bygningsmessig utforming av energisentralen med plassering av tank framgår av vedlegg.

Transport
Varmepumpeanlegget medfører ikkje spesielle transportbehov og anlegget vil føre til lågare transportbehov enn ved bruk av eksisterande oljekjelar.
For fylling av bioolje, blir påfyllingspunkt plassert slik at tilstrekkelig tilkomst sikrast. Ut frå planlagt forbruk og storleik på tanken, vil det være behov for påfylling av bioolje 2-5 gonger pr år, avhengig av kor stor del av varmeleveransen som vert produsert med spisslast.

Avfall
Drift av anlegget medfører ingen avfallsprodukt som er til skade for ytre miljø.

Grøntområde
Distribusjonsnettet vil krysse fleire grøntareal, men utan at dette skal få varige negative verknader. Der det skal etablerast gang- og sykkelvegar, vert det lagt til rette for dette langs grøftetraseen. Der dette ikkje er aktuelt, blir grøntarealet tilbakeført til eksisterande tilstand. Kjem traseen i konflikt med eksisterande tre, skal det plantast nye tre om ikkje eksisterande tre kan flyttast. Det vil bli lagt opp til samarbeid med grunneigar for å finne gode løysingar på dette.

6.2 VARMEPRODUKSJON
Reduksjon av lokalt oljeforbruk til oppvarming vil ha positiv miljøeffekt. Globalt sett vil også reduksjon av EL-forbruk til oppvarming ha positiv miljøeffekt.
Frå dei tidlegare planlagte gasskjelane vart det berekna eit utslepp av CO2 på 328 – 656 tonn/år etter 10 års planlagd utbygging. Dette er basert på at gasskjelane står for 5 – 10% av varmeleveransen. Det er no vedtatt å ta i bruk bioolje i staden, for å få eit komplett fornybart anlegg. Pipene er planlagd å gå over taket på energisentralen. Utforming og teknisk løysing av pipene vil følgje gjeldande regelverk for nye anlegg.

Synleg vassdamp vil kunne oppstå når røykgassane avkjølast når dei blandar seg med omgjevnadslufta. Det vil under spesielle versituasjonar kunne oppstå utfelling av vassdråpar. Dette vil primært skje ved kaldt ver, høg luftfuktighet og låg vindhastighet.

6.3 VERKNAD AV FRIKJØLING KONTRA ALTERNATIV KJØLING
I tillegg til miljøeffekt som følgje av redusert bruk av EL og fossilt brensel til oppvarming, vil bruk av frikjøling også ha ein stor positiv miljøeffekt. Produksjon av frikjøling vert oppnådd berre ved bruk av pumpeenergi, noko som er svært energieffektivt. Samanlikna med tradisjonell kjøling mot uteluft, vil energibruken utgjøre ein liten del. Dette gjev eit positivt bidrag til miljørekneskapet.

7 FORHOLDET TIL OFFENTLEGE LOVER OG REGELVERK

7.1 PLAN OG BYGNINGSLOVA
7.1.1 KONSEKVENSUTGREIING
Samla installert effekt for energiproduksjon i det planlagde fjordvarmeanlegget i Førde er 24 MW og den overskrid dermed ikkje grensa for tiltak som kan utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU) etter plan- og bygningslova.

7.1.2 TILKNYTINGSPLIKT
Førdefjorden Energi AS vil søkje om at Førde kommune vedtar tilknytingsplikt i konsesjonsområdet, i samsvar med gjeldande regelverk, når det vert etablert eit fjordvarmenett i området. Det er avklart med kommunen at denne saka skal følgje reglane for ein reguleringsplan med planprogram. Det vert lagt til grunn at prisen på varme skal vere i tråd med dei krav som gjeld for område med tilknytingsplikt.

7.2 OREIGNINGSLOVA
Fjordvarmenettet vil i hovudsak følgje offentlege vegar og grøntareal, men enkelte strekningar vil gå over privat grunn. Det vert i denne omgang ikkje søkt om og førehandsløyve etter oreigningslova. Sunnfjord Energi AS har starta ein dialog med Førde kommune og andre berørte grunneigarar for å få til minnelege avtalar utan oreigning av grunn. Om forhandlingane med enkelte grunneigarar ikkje skulle føre fram til avtale, kan det seinare bli aktuelt å søkje om førehandsløyve etter oreigningslova for ein avgrensa del av fjordvarmeanlegget.

7.3 KULTURMINNELOVA
Utbyggar er ikkje kjend med at fjordvarmeanlegget er i konflikt med kulturminne i det aktuelle området. Det er gjennomført dialogmøte med fylkeskommunen og kommunen om dette.

7.4 NATURVERNLOVA
Utbygginga kjem ikkje, så langt utbyggar er kjend med, i konflikt med natur- og kulturområde som har registrert verneverdi. Traseen er i hovudsak som i tidlegare søknad. Etter dialog med Fylkesmannen, er traseen ved kryssing av Jølstra mot sjukehuset, lagt om av omsyn til verneverdig flaumskog.

7.5 BRANN- OG EKSPLOSJONSVERNLOVA
Søkjar vil følgje gjeldande reglar for bygging og drift av varmesentralar med dei aktuelle energiberarane som vert installert. Dette inneber også utarbeiding av risikoanalyser. Det vil bli installert automatisk lekkasjedetektering av gass med alarm til vakt.

Fakta

Førdefjorden Energi AS har konsesjon på å bygge ut fjernvarme i Førde basert på energi frå fjorden. Dette vil medføre:

byggetid: 1,5 år
kostnad: 145 mill
lengde: 5 km røyrtrase
kapasitet varmepumper: 5MW
kapasitet El-kjeler: 2,4MW
Kapasitet Bio-kjeler: 10MW
Leveranse: 18GWh varme ved oppstart

Det vil bli samarbeid med Førde kommune, Statens Vegvesen, Førdepakken, Enivest og evt andre aktører som ønsker å legge røyr i same grøft. Ved kryssing av Jølstra vert det brukt boring for å ivareta trafikk og miljø.