Aleksander Frøyen er ny dagleg leiar i Førdefjorden Energi

Publisert: 25.april 2018

Aleksander Frøyen (30) er tilsett som ny dagleg leiar i Førdefjorden Energi AS frå 1. august 2018. Han kjem frå stillinga som servicekoordinator i oljeservice-selskapet Halliburton. Frøyen har raskt gått gradene i selskapet, men er no klar for å kome tilbake til heimbyen Førde og arbeide for eit meir miljøvenleg samfunn.

– Energisk, engasjert og dyktig

– Vi er svært nøgde med at Aleksander Frøyen har takka ja til å bli ny dagleg leiar i Førdefjorden Energi, seier avtroppande dagleg leiar, Leif Olstad. Frøyen er kjent for å være svært dyktig og ha stor arbeidskapasitet. Han har god teknisk forståing og vi kjenner oss trygge på at han har dei eigenskapane som trengs for å skape ei god utvikling i Førdefjorden Energi. I tillegg har han eit sterkt fokus på kunden og ikkje minst eit brennande engasjement for fornybarnæringa, seier Olstad.

Frøyen tek over stillinga etter Olstad, som går over i ei stilling som basesjef for alle helikopterbasar i Norge og Danmark for Norsk Luftambulanse (NLA).

– Førdefjorden Energi bidreg til å gjere Førde sentrum grønare

– Det er med stort engasjement og stoltheit at eg har takka ja til å bli ny dagleg leiar i Førdefjorden Energi. Eg ivrar for å være med på dette kjempeløftet for miljøet. Det er gjort store investeringar som gir muligheiter for kundane og miljøet i heile byen. No når eg flyttar heim med familien er eg både audmjuk og glad for å få lov å bidra til ei positiv og framtidsretta utvikling her i Førde, seier Frøyen.

– Dette er spennande oppgåver der eg får delta i den viktige moderniseringa av Førde. Eg gler meg til å samarbeide med eksisterande og nye kundar. Sjølv kjem eg frå oljebransjen, og eg ser verkeleg fram til å kunne jobbe med ei meir miljøvennleg og framtidsretta energiløysing.

For meir informasjon, kontakt:

Leif Olstad
Dagleg leiar Førdefjorden Energi AS
Tlf: 952 32 585
Epost: leif.olstad@fordefjordenenergi.no

Fakta

Førdefjorden Energi er eit selskap som brukar fjordvarme som energikjelde. Via varmepumpene i energisentralen gir dette den mest effektive varme og kjøle-produksjonen i Førde.

Anlegget frå Førdefjorden Energi leverer i dag vassboren varme og kjøling til Førde sentralsjukehus og andre større bygg i byen. I alt 13 bygg er no kopla på anlegget og får fornybar fjordvarme levert til oppvarming og tappevatn.

Selskapet har investert 160 millioner kroner i fjordvarmenett med ein topp moderne energisentral på Øyrane. Ferdig utbygd skal det kunne levere over 30 GWh, som tilsvarar eit varmeforbruk til over 12.000 bustader.