– Aldri meir røyk ut av pipa

På den offisielle opninga av fjordvarme-anlegget på Førde barneskule var det mykje blide tilsette og born, som feira at skulen no har fått miljøvennleg oppvarming.

Publisert: 29.april 2018
Tekst og foto: Roy Sunde, Rein Design

– Vi på Førde barneskule er stolte og glade for at vi alt i 2018 kunne stenge av oljefyringa, til fordel for fornybar energi frå Førdefjorden. Då kan vi alt no seie at vi har spart miljøet for forureining. Vi brukar vanlegvis 15.000 liter olje i løpet av vinteren. I år har den vore kald, så vi har brukt 300.000 kWh. Skulle vi henta den energi frå olje ville det tilsvara ca 30.000 liter olje, som ville slept ut 74 tonn med klimagassen Co2. At vi no har oppvarming frå fjordvarme handlar om å ta ansvar for miljøet og kloden vår. For oss er det godt å vite at skulen vår brukar rein og miljøvennleg oppvarming. Fjordvarmen varmar ekstra godt – både for kropp og samvit – fordi vi alle har eit ansvar for miljøet vårt, sa rektor Therese Hellaland på den offisielle opninga. Der var også Leif Olstad, dagleg leiar i Førdefjorden Energi, saman med påtroppande dagleg leiar Aleksander Frøyen. Med seg hadde dei ei raud snor, som elevrådsleiar høgtidleg klypte av.
– Ser de pipa der oppe? Den kjem det aldri meir røyk ut av, slo Olstad fast, til stormande jubel frå borna i 5.-7.klasse på Førde barneskule.

Fjernar potensielt 3 millionar liter olje frå Førde

Førdefjorden Energi produserer 30 GWh årlig, som svarar til energibehovet til 12.000 bustadar.
¬– Skulle ein levert like mykje energi via olje ville det tilsvara 3 millionar liter olje årleg, som då ville føre til ca 7,4 tonn med Co2. Dei første kundane var kopla på i januar 2018, og vi har 13 kundar på kopla no. Dei neste som står for tur er Solsida Barnehage, Kulturskulen og Sparkjøp. Førde Barneskule var ein av dei første kundane, etter at røyrleidningen var ført fram til Førde Sentralsjukehus. Barneskulen er også eit godt døme på vinsten fjordvarme gir miljøet, ved å ta vekk mange tusen liter olje årleg. Dette sparer miljøet for store mengder CO2, seier Olstad.
Fjordvarme gir kundane eit betre oppvarmingsalternativ.
– Når du vel fjordvarme får du ein trygg leveranse av oppvarming/kjøling, der du slepp tenke på utgifter til vedlikehald, beredskap og fornying av energikjelde. Eg plar seie at du har som byggeigar gjort di siste investering i varme. Og skulle det vere eit problem blir det fiksa raskt og effektivt, døgnet rundt, utan at kunde treng gjere noko. Vi tek oss av alt.

Fjordvarme – framtidsretta og miljøvennleg teknologi

Bak fjordvarme ligg store investeringar i infrastruktur, for å bygge opp eit system som leverer miljøvenning og fornybar energi.
– Fjordvarme er ein framtidsretta måte å produserer energi på, basert på fornybar kjelder. Vi hentar ut kortreist energi frå den energirike fjorden vår, som blir oppvarma av sola. Den energien blir distribuert til bygg i Førde, via varmepumper i ein energisentral. Det tilfører Førde moderne infrastruktur som møter framtidas energibehov med kortreist, miljøvennleg energi, og fasar ut miljøskadeleg oljefyring. Fjordvarme gir ingen lokale utslepp av Co2, så dette er bra for Førde og vårt omdøme, og ikkje minst for miljøet, som får den store vinsten av dette. Det reduserer bruk av fossilt brennstoff, og er eit godt bidrag i høve klimamåla i Paris-avtalen.