– Fjordvarme gjer godt for både miljøet og samvitet

Fredag opna offisielt Førde barneskule sitt fjordvarme-anlegg, etter ein prøveperiode på 3,5 mndr. No sparer dei klimaet for mellom 15. og 30.000 liter olje årleg.

Publisert: 30.april 2018
Tekst og foto: Roy Sunde, Rein Design

Frå 2020 blir det forbode å bruke fossil olje eller parafin til oppvarming av bustadar og bygg i Norge. Då Førde barneskule skulle byte ut oljekjelen fall valet raskt på fjordvarme.
– Det var eit naturleg val. Fjordvarme er kortreist, miljøvennlig og framtidsretta energi, seier vaktmeister ved skulen, Kjell Tonning.

Mindre arbeid og lite vedlikehald

11. januar vart olje/el-kjelen på skulen slått av, og fjordvarmeanlegget byrja å levere varme.
– Det låg ei viss spenning i å gå over til eit heilt nytt system. Vi kopla oss også på i ein god kuldeperiode, noko som bidrog til spenninga, men alt har gått heilt problemfritt frå dag ein. Faktisk har det å gå frå olje/el-kjel til fjordvarme letta arbeidet mitt veldig. Det er mange delar i ein oljekjel og stor slitasje, som krev arbeid i form av reinhald, servicar og justeringar i kvardagen. Pipa kravde også stell og eg måtte følgje med på oljenivået i tanken. Fjordvarme gir meg ein enklare og betre arbeidskvardag, og frigir tid til andre oppgåver. Overgangen og drifta har vore heilt problemfri, så vi er godt nøgde. Vi har fått svært god service og oppfølging frå Førdefjorden Energi.

Mykje betre varme og komfort – frå første stund

Tonning fortel også at kvaliteten på varmen har auka.
– Vi har gjort vår siste investering i oppvarming av skulen, og treng ikkje lenger tenke på fornying av energikjelde. Kvaliteten på varmen på skulen har også blitt mykje betre. Temperaturen er betre, og ikkje minst jamnare. Dette gir betre komfort og inne-miljø, både for barna og dei tilsette. Og snart blir anlegget endå betre. Vi skal gjere nokre justeringar på det interne røyropplegget på skulen, som vil gi oss endå betre utnyttingsgrad. Vi har også ein varmevekslar som varmar opp varmtvatnet på skulen. Der ligg det også ein stor gevinst.

Full kontroll – døgnet rundt

Sidan anlegget er døgnovervaka slepp skulen å bruke tid på å sjekke om ting fungerer som dei skal.
– Før hadde vi ingen alarmfunksjon, og måtte sjølv følgje opp og passe på at oljekjelen var i drift. I periodar med driftsproblem, spesielt i kalde periodar, var eg innom på søndagar for å sjekke at alt var på stell. Med fjordvarme har vi fått eit mykje tryggare og driftssikkert system. Førdefjorden Energi har døgnovervaking, og full kontroll på alt som går inn til oss. Skulle det vere noko, justerer dei dette med ein gang og gir beskjed. Dermed er vi alltid trygge på at vi har varme på skulen til ei kvar tid. Vi har fått mykje større tryggleik i drifta av varmeanlegget på skulen.

Klimavennlig

– Det synlege provet på at vi no tek vekk fossilt brennstoff ved skulen er at det ikkje lenger kjem røyk ut or pipa her. Det gir ungane eit betre utemiljø å leike i. Ei side av dette er at vi har fått mindre vedlikehald og arbeid med oppvarming, betre inne-miljø og eit meir driftssikkert system. Men den store vinsten får miljøet, ved at vi byter ut store mengder olje med rein, klimavennlig energi. Det er flott. Det er mange, store kommunale bygg i Førde som er kopla på, noko som fører til mykje mindre forureining. Blant anna Førde ungdomsskule, Helsetunet, Førdehuset og Prestebøen. Dette gir ein samla, stor miljøvinst, seier Tonning.