Dagleg leiar i Førdefjorden Energi, Aleksander Frøyen (t.v.) og Åsen & Øvrelid sin byggplass-leiar på kulturskulen-prosjektet, Andreas Førde (t.h.)

Brukar fjordvarme til å tørke ut Kulturskulen

Publisert: 14.mai 2019

Då Åsen & Øvrelid skulle byrje bygging av ny kulturskule knytte dei seg på fjordvarmeanlegget til Førdefjorden Energi. Dermed kunne dei nytte fossilfri energi i byggeprosessen.

1.1.2020 blir det forbode å nytte fossil olje til oppvarming av bygg. Og frå 2025 skal også byggeplassar vere fossilfrie. Entreprenør Åsen & Øvrelid valte å komme dette i forkant, ved å nytte fossilfri energi frå Førdefjorden Energi til å tørke ut kulturskulebygget.

Utsleppsfrie byggeplassar i 2025

– I 2025 kjem forbod om å bruke fossile energikjelder til tørking og oppvarming på norske byggeplassar. Målet til regjeringa er at byggeplassane skal vere fossilfrie innan 2025. Då må ein drive fossilfritt, frå graving til ferdig bygg, og maskiner, lastebilar og gravemaskiner må anten bli elektrifisert, eller nytte 100 prosent biodrivstoff, fortel dagleg leiar i Førdefjorden Energi, Aleksander Frøyen, som legg til at dette vil slå positivt ut i klimarekneskapen.
– DNV-GL laga ein rapport i 2017, på oppdrag frå Energi Norge og Norsk Fjernvarme, i samarbeid med Bellona, og Enova SF, som viste at norske byggeplassar årleg slepp ut 340.000 tonn Co2. Det er med andre ord mykje å hente.

Byggtørking har til no kravd store mengder diesel

Å tørke ut eit oppført bygg er ein særs energikrevjande prosess, som tradisjonelt har blitt gjort via diesel-drivne byggtørkarar, kalla Kokko-verk.
– Kor mykje energi det krev å tørke ut eit bygg varierer, blant anna i høve utetemperatur og byggematerial. Normalt går det med energi tilsvarande 70 prosent av årsbehovet til bygget i tørkeprosessen. Det er ein energikrevjande prosess, og ein kan komme opp i 2-3 gangar årsforbruk i tørkefasen. Det er store innsparingar for klimaet om ein kan gjere dette med fossilfri oppvarming, i tillegg til at det er økonomisk gunstig for entreprenøren, seier Frøyen.

Fossilfri byggtørking byrjar å breie om seg

I større byar som Oslo, Trondheim og Bergen byrjar fossilfri byggtørking å breie om seg.
– Då vi kontakta Åsen & Øvrelid slo dei fast at dette ville dei ta i bruk utan å blunke. Eg vil gi dei honnør for at dei tek posisjon og legg seg i framkant. Det er kjekt at Førde no blir med på denne utviklinga og at ein gjer sitt for å nå klimamåla.
– Vi valte å kople oss på Fjordvarme-anlegget tidleg, for å kunne nytte deira løysing i byggefasen. Vi ønskjer å ligge frampå, og ta i bruk gode løysingar når høvet byr seg, seier Andreas Førde. Han er Åsen & Øvrelid sin byggplass-leiar på kulturskulen-prosjektet.
– Vi skal no i gang med bygging av nye Førde Sentralsjukehus. Der er også fjordvarme tilgjengeleg. Vi tek med oss lærdommen vi har gjort og held fram med dette der, seier han.

Positivt for miljøet, inneklimaet og arbeidarane

Andreas fortel at å tørke ut bygg utan å bruke fossilt brennstoff har mange positive effektar.
– Ein nyttar normalt byggvarmar, som går på diesel/parafin. På eit bygg som dette, på rundt 1900 m2, går det fort 700-1500 liter diesel per månad til oppvarming, og meir på kalde vintrar. Med denne løysinga er talet null, smiler han.
– Samtidig får ein spreidd varmen betre inne med denne løysinga, og får jamn temperatur i heile bygget. Rundt vanlege Kokko-verk går arbeidarane i t-skjorte, medan dei som jobbar lenger unna står med hue og jakke. Noverande løysing krev mindre arbeid, ved at ein slepp byte filter, og ein slepp os, lukt og utslepp lokalt. Du merkar det i halsen om du jobbar med dieselfyrte Kokko-verk heile dagen. Vi brukte å ha dei ute, og førte inn varmluft i slangar. Det innebar også at enkelte felt av bygget ikkje kunne lukkast. Med denne løysinga får vi lukka bygget og får tett bygg raskare, seier han.

Alltid på nett – og på vakt

Dei mobile byggtørkarane er kopla opp mot Førdefjorden Energi.

– Ei utfordring med Kokko-verk som sto ute og gjekk på fossilt brennstoff er at det ofte kunne oppstå problem, med soting, slangar som frys og anna. Når ein kom om morgonen då så var bygget kaldt, ein må lufte ut og hente inn mekanikar. Det slepp vi no. Om det oppstår noko er det berre å kontakte Førdefjorden Energi, så blir det ordna på minuttet. Dei er flinke på support, det er ekstra kjekt når ein tek i bruk nye apparat i ein byggefase.
– Vår sentral får data i realtid, og har full kontroll over temperaturen. Om det oppstår ein driftsforstyrrelse blir vi varsla, og kan reagere fortlaupande, seier Frøyen.

Inviterer inn entreprenørar til seminar om fossilfri byggtørking

Så langt er det berre Åsen & Øvrelid som har teke i bruk moglegheita for fossilfri byggtørking i Førde. Men Frøyen vil gjerne ha fleire med på laget.

– Vi vil invitere lokale entreprenørar inn til eit seminar for å gi dei oversikt over alternativa for byggtørking, og kva Førdefjorden Energi kan bidra med. Tidlegare har ein ikkje hatt god infrastruktur for fossilfri byggtørking. Moglegheita dukka først opp når fjordvarmeanlegget var etablert. Røyra vår går no frå Øyrane og opp til Førde Sentralsjukehus. Vi er også i gang med å legge røyr opp til Brulandsvellene, i samarbeid med Statens Vegvesen. Vi jobbar også med planar for Sentrum Sør, så no byrjar infrastrukturen på dette å bli svært bra i Førde avsluttar Frøyen.