Sparkjøp, Plantasjen og Sunnfjord Hotel AS valte fjordvarme frå Førdefjorden Energi

Publisert: 3.desember 2019

Den første kunden kopla seg på fjordvarme-røyra i januar 2018. Sidan har 18 bygg kome til. Dei tre nyaste er Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Sparkjøp og Plantasjen.

– Vi er særs nøgde med å knytte til oss desse nye, store kundane. Når ein vel fjordvarme frå Førdefjorden Energi til oppvarming/kjøling, vel ein kortreist, miljøvennleg energi. Det er bra for Førde og vårt omdøme, for miljøet og for kunden. Arbeidet med tilkopling på Brulandsvellene vart gjort i samarbeid med Førdepakken sitt tiltak 10, seier Aleksander Frøyen, dagleg leiar i Førdefjorden Energi AS.
De byrjar å få ei god kundemasse no, har de kapasitet til meir?
– Per i dag har vi 18 bygg kopla til, og nummer 19 kjem straks. Vi har også fleire kundar som blir verte kopla på i nær framtid. Vi har kapasitet til fleire, og jobbar aktivt med det.

Fjordvarme gir miljøvinst

Med desse tre kundane får nye 22.200 m2 med bygg i Førde varme og kjøling frå fjordvarme. – Tidligare løyste desse bedriftene sine behov til oppvarming og kjøling med blant anna oljekjel, som samla nytta over 50.000 liter olje i året, seier Frøyen og fortel at Førdefjorden Energi kan produsere 30 GWh årlig, som svarar til energibehovet til 12.000 bustadar.
–Det er vanskeleg å gi ei presist tal på kor mykje olje vi har fjerna lokalt, sidan forbruket heng saman med temperaturar og årstid. Med utgangspunkt i at vi kan produsere 30 GWh, kan ein talfeste at om ein skulle produserer like mykje energi via olje ville utsleppa tilsvara ca. 7900 tonn CO2. Det er liten tvil om at dette sparer miljøet for store utslepp, seier Frøyen.

Plantasjen valte fjordvarme – og fasar ut 32.000 liter olje

Plantasjen har 3500 m2 bygg som skal varmast opp. Tidligare nytta dei ein kombinasjon av el- og oljekjel til oppvarming av bygget, men 24. september kopla dei seg på fjordvarmeanlegget.
– I 2020 er det ikkje lenger lov å nytte oljekjel. Vi måtte velje om vi ville gå for eit reint elektrisk anlegg, eller fjordvarme. Kostnadsnivået var omtrent likt, men om vi skulle gå over til berre å bruke el-oppvarming ville det vore ein større prosess for oss. Fjordvarme var eit enklare alternativ, med mindre vedlikehald og mindre ureining enn oljekjel. Dei siste åra har vi brukt rundt 32.000 liter olje i oppvarminga årleg, som no blir fjerna. Vi fekk eit miljøvennleg alternativ, slepp vedlikehald og har alltid full kontroll. Dette er pluss for alle partar. Valet var enkelt, seier butikksjef Jon Ole Skrede og fortel om ein smertefri overgang. – Vi har vore tilkopla i 7 veker, så det er tideleg å uttale seg. No er det Førdefjorden Energi sitt anlegg, og deira ansvar. Dei har vaktordning med overvaking av systemet vårt. Om det oppstår eit problem rykker dei ut og ordnar opp, så eg slepp tenke på det. I tillegg slepp vi vedlikehald på oljekjel og fylling av olje, seier han.

Eigedomsselskapet Sunnfjord Hotel har gjort si siste store investering i oppvarming

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa har 16.500 m2 bygg, samt symjebasseng og spa-avdeling. Det har kravd store investeringar i infrastruktur for oppvarming og kjøling. Ved å kopla seg på fjordvarme-anlegget har dei gjort si siste investering i dette.
– Vi håpar og trur dette er den siste store investeringar vår i utstyr for oppvarming/kjøling i overskodeleg framtid, seier hotelldirektør Odd Erik Gullaksen med eit smil og held fram.
– Det er ei stor investering, både for leverandøren og for eigedomsselskapet på bygget. Sunnfjord Hotel AS valte fjordvarme fordi det er eit miljøvennleg, bærekraftig alternativ til
oppvarming/kjøling, som gir oss jamn tilførsel av oppvarming og kjøling av våre anlegg, på ein forsvarleg måte, seier han og fortel at oljekjelen på hotellet har dei siste vore nytta som reserveløysing i kalde vintrar. Men det er ikkje berre oljekjelen som no kan pensjonerast.
– Vi har og ein del varmtvass-tankar som er mogne for utskifting. Med fjordvarme treng vi ikkje dei lenger. Her ligg store innsparingar, og mindre behov for utskifting og vedlikehald i framtida. Vi har og ei stor kjølemaskin på taket, som blir fasa ut. Fjordvarme betyr for oss mykje mindre og enklare vedlikehald, samtidig som det løyser våre behov for oppvarming og kjøling, og slepp å investere i nye varmtvasstankar i framtida. Det er viktige årsaker til at vi har gjort dette, i tillegg til at vi er oppteken av klima og bærekraftige løysingar, seier han.

Sparkjøp valte moderne, miljøvennlig og effektiv varmeregulering

Plantasjen er ikkje den einaste bedrift på Brulandsvellene som valte fjordvarme. I september kopla også Sparkjøp seg på anlegget.
– Nye forskrifter og ny teknologi gjorde tilbodet om å kople seg til fjordvarme særs interessant for oss. Dette er moderne, miljøvennlig og effektiv varmeregulering av store bygg. Det høver særs godt for oss, fordi vi har ca. 2200 m2 som treng oppvarming om vinteren og kjøling om sommaren, seier butikksjef Siri Monsen som går vinteren i møte utan oljefyring.
– Vi har brukt rundt 8-10.000 liter olje i året. Dette varierer sjølvsagt med vêrtilhøva. Er det kalde vintrar brukar ein meir olje, seier ho og nemner fleire fordelar.
– Før har vi hatt ei 2- i 1 løysing, med eit varme- og eit kjøleanlegg. No får vi begge deler i ei pakke. Vi får eit enklare system for oppvarming og kjøling, som er meir sjølvgåande. Det krev ikkje vedlikehald frå vår side, samtidig som vi slepp tenke på å kjøpe inn og fylle olje. I tillegg er det ein stor bonus at det er meir miljøvennleg, seier ho.

Framtidsretta og miljøvennleg teknologi, og døgnbemanna vaktsentral

Førdefjorden Energi garanterer for leveringa, og har døgnbemanna vaktsentral.
– Når du vel fjordvarme får du ein trygg leveranse av oppvarming/kjøling, der du slepp tenke på utgifter til vedlikehald, beredskap og fornying av energikjelde. Skulle det oppstå eit problem blir det fiksa raskt og effektivt, utan at kunde treng gjere noko. Vi tek oss av alt. Det gjer fjordvarme til eit enkelt, miljøvennleg og trygt alternativ for kunden, seier Frøyen.
Bak fjordvarme ligg store investeringar i infrastruktur, for å bygge opp eit system som leverer miljøvenning og fornybar energi.
– Fjordvarme er ein framtidsretta måte å produserer energi på, basert på fornybar kjelder. Vi hentar kortreist energi frå den energirike fjorden vår, som er oppvarma av sola. Energien blir distribuert til bygg i Førde, via varmepumper i energisentral. Det gir Førde moderne infrastruktur, som møter framtidas energibehov med kortreist, miljøvennleg energi, og fasar ut miljøskadeleg oljefyring. Fjordvarme gir ingen lokale utslepp av Co2, så miljøet får den store vinsten. Dette reduserer bruk av fossilt brennstoff, og er eit godt bidrag i høve klimamåla i Paris-avtalen.

Bilete-tekst: Ferske kundar: Odd Erik Gullaksen, hotelldirektør på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Jon Ole Skrede, butikksjef på Plantasjen Førde, Siri Monsen, butikksjef Sparkjøp Førde, saman med Aleksander Frøyen frå Førdefjorden Energi.

Fakta

  • Førdefjorden Energi brukar fjordvarme som energikjelde. Via varmepumpene i energisentralen gir dette den mest effektive varme og kjøle-produksjonen i Førde.
  • Anlegget frå Førdefjorden Energi leverer i dag vassboren varme og kjøling til Førde sentralsjukehus og andre større bygg i byen.
  • I alt 19 bygg er no kopla til anlegget og får fornybar fjordvarme levert til oppvarming og tappevatn.
  • Selskapet har investert 160 millionar kroner i fjordvarmenett, med ein topp moderne energisentral på Øyrane.
  • Ferdig utbygd skal det kunne levere over 30 GWh, som svarar til varmeforbruket til over 12.000 bustader.