Kvifor fjordvarme og ikkje berre eigne varmepumper eller EL-kjelar?

  • Reduserer støy:
    Varmepumper produserer mykje lokalt støy. Dette vert samla og isolert ved ein energisentral ved planlagt fjordvarmeutbygging.
  • Rimeleg:
    Ei varmepumpe har levetid på 10-15år før ein må kjøpa ny, og i tillegg trengs vedlikehold. Ved tilkopling på fjordvarmenettet kjem vedlikehold og reinvestering på Førdefjorden Energi si side. Kunden vil på same måte som ved bygging av eit nytt hus måtte betale for å kople seg på nettet.
    EL-kjelar krevar også investering og vedlikehald, samtidig som ein i motsetning til varmepumper ikkje får meir energi ut enn ein putter inn.
  • Tek liten plass:
    Fjordvarme er kun eit røyr som kjem inn veggen og koplar seg på platevekslar til vannboren varme. Eit varmepumpe eller EL-kjel alternativ vil ta meir plass. Spesielt i samanlikning med eksisterande oljekjelar kjem fjordvarmen godt ut ifht plassbehov.
  • Sikkerhet i leveranse:
    Fjordvarmeanlegget har backup og vil kunne levere varme også når det elektriske nettet er nede. For at kundane skal kunne utnytte dette må dei sjølv ha backup til pumpene som driver varmefordelinga. Både varmepumper og el-kjeler er avhengig av straumnettet. Skal kunden stille med eigen backup vil dette i praksis bety doble anlegg.
  • Beredskap 24/7:
    Vi har overvaking og beredskap 24/7 om du skulle få feil på anlegget ditt.